Av jord og landskap

Å lytte til Harald Sæveruds musikk er som å lytte til natur, seier forfattar Ruth Lillegraven. Saman med felespelar Benedicte Maurseth vitjar ho Siljustøl sundag, for å framføre ein poesikonsert basert på si nyaste bok «Sigd».

Kva kan publikum forventa seg på poesikonsert på Siljustøl? Og kva er eigentleg ein poesikonsert?
Dette er ein liten førestilling på kring ein time, der eg framfører utdrag frå den ferske boka mi, «Sigd», og Benedicte spelar og syng. Musikken er ei blanding av nyskriven og tradisjonell. Målet er at tekst og musikk skal smelte saman til ein større heilskap, som kan gi publikum ei særeigen oppleving. Tilbakemeldingane på dei konsertane me har hatt til no har vore veldig gode, det er eg glad for.

«Sigd» har vorte omtalt som ei «mørk forteljing om mennesket i naturen og naturen i mennesket». Kan du utdjupe kva som ligg i det?
Vel, eg veit ikkje om eg tykkjer den er så mørk, på mange vis. Men det er på mange vis historia om eit tøft liv. Endre, som er odelsgut på 1800-talet, sunn, sterk, veldig oppteken av plikta si, får revmatisme. Han blir då sengeliggjande og må selje garden. Han er nygift, men får ingen barn. Livet blir slett ikkje slik han hadde tenkt. Han sluttar å snakke. Her ligg det sjølvsagt eit stort mørker. Men så byrjar han lese, og lesinga får han til å reise ut og oppdage verda – frå senga heime i stova. Dette er naturleg nok vanskeleg for kona å skjøne og takle. Etterkvart byrjar dei snakke saman igjen, på eit nytt språk. Denne delen føler eg sjølv har mykje lys og optimisme i seg. Og ja, naturen og naturens syklusar er ein viktig del av det heile.

Sæverud understreka at musikken hans vaks opp av «jord og landskap». Kva inntrykk har du av Harald Sæverud, og naturen si rolle i kunstnarskapet hans?
Eg er jo ikkje musikar, og skal ikkje hevde at eg har inngåande kjennskap til Harald Sæverud og musikken hans, men eg har alltid likt det eg har høyrt av han. Og å lytte til musikken hans er jo på mange måtar som å lytte til natur. Eg får veldig sterke naturbilete på netthinna av å lytte til Sæverud. Det er fjellbekk, bre og bjørk. Rein tapping. Og på eit vis føler eg at det han seier også kan høve på mine dikt, kanskje særleg på bøkene «Urd» og «Sigd» – at deler av dei har vakse opp av jord og landskap. Som i prologen og epilogen på «Sigd» – der det er ein grøn spire som strekkjer seg opp gjennom den mørke modermolda, mot lyset.

Korleis opplev du Siljustøl og landskapet der? Korleis vil poesikonserten passa godt inn i Sæveruds stove?
Hittil har eg faktisk berre sett Siljustøl på bilete. Men det ser fantastisk fint ut, og eg gler meg verkeleg til å kome dit og sjå staden – innvendig og utvendig. Og eg kan ikkje tenkje meg nokon finare stad å ta «Sigd» med på Bergensvitjing enn til nettopp Siljustøl. Og om det er langt frå ei årestove i Hardanger midt på attenhundretalet til Sæveruds Siljustøl – så er det i alle fall historisk svung over begge deler.

Kan du fortelje om samarbeidet med musikar og hardingfelespelar Benedicte Maurseth?
Benedicte og eg har i årevis snakka laust om at me må prøve samarbeide ein gong. Det var faktisk Hardanger musikkfest som spurde oss i fjor på denne tida, om me kunne lage noko saman til musikkfesten i mai i år. Det kunne og ville me, og me følte begge at det var naturleg å ta tak i mi komande bok, «Sigd». Eg kom med forslag til utdrag, Benedicte kom med forslag til musikk. Så møttest me og øvde og avstemte.

Me har til no hatt konsertar i Eidfjord, Odda, Ørsta og Ulvik. Ingen har vore heilt identiske. Me improviserer alltid litt. Det er fint. Eg trur det er viktig å lytte til kvarandre. Benedicte er ein så dyktig musikar, og eg er stolt over at ho har villa samarbeide med meg. Dessutan er det verkeleg ei gåve å få oppleve tekstane sine i samspel med musikk på dette nivået. Eg tek meg i å bli litt rørt undervegs av og til. Me har fire konsertar til som er planlagt denne hausten, og jobbar med å få på plass eit par til våren også. Slike poesikonsertar – eg hadde også ein serie av dei basert på boka «Urd», saman med Rannveig Djønne og Tuva Syvertsen – er noko av det skumlaste eg gjer som forfattar. Men det er også noko av det absolutt kjekkaste.

Billetter: ticketmaster.no / tlf. 815 33 133
Velkommen til Siljustøl søndag 23. oktober, kl. 14.00
220 / 180 / 160 / 50 *
* Ordinær kr. 220,- / BT-kort kr. 180 / Medlemmer av venneforeningene kr. 160,- / Barn kr. 50,-